Bunadbruken i Noreg er no på UNESCO-lista

Publisert: 3. Jan 2025
Sist endret: 3. Jan 2025

Bunadbruken i Noreg er no på UNESCO-lista

Den 5. desember 2024 vart bunadbruken i Noreg innskriven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.

Dette vart offentleggjort på UNESCO sitt 19. internasjonale møte for konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven som fann stad i Asunción, Paraguay. Representantar frå Noreg og alle kantar av verda var tilstade. 

Arbeidet med søknaden «Bunadbruk i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis» starta i 2017. Da vart det inngått ein intensjonsavtale mellom Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon.

UNESCO-kommisjonen har fem kriteriar som dei har kome fram til at bunadbruken i Noreg dekkjer:

  1. Munnlege tradisjonar og uttrykk
  2. Utøvande kunst
  3. Sosiale skikkar, ritual og høgtid
  4. Kunnskap og praksis som gjeldt naturen og universet
  5. Tradisjonelt handverk.

Dette vart feira fredag 6. desember i heile Noreg.

Vår eiga bunadavdeling «Bunad Verksted» feira med bunadfest på Romsdalsmuseet og viste fram både gamle draktdeler og nye bunadar.

Frå venstre: Julia Wachs (bunadtilvirker), Eldbjørg Lamvik (salgsleder), Hilde Stenmark Kvennes (nestleder), Anne-Mari Kleppe (bunadsleder)

Vi er det einaste norske museet med eigen bunadverkstad og er med i det internasjonale nettverket Économusée, som er eit stort internasjonalt nettverk for bedrifter som tek vare på gamle handverkstradisjonar, samt den norske delen som heiter HÅNDLAGET Norge. 

Vi syr bunadar frå Romsdalen, både til kvinner og menn og har både sølv, sjal og anna tilbehør. Kvinnebunaden vår er basert på eit brudeliv frå Rødven Museum og vi lagar fleire variantar. Alle plagga med tilhøyrande sølv er kopiar av gjenstandar frå museumssamlingar. Mannsbunaden vi har utvikla, er ein kopi av ei brudgomsdrakt frå Grytten. Originalen er hos Norsk Folkemuseums. Både kvinne- og mannsbunaden er anbefalt av Bunad og Folkedraktsrådet.

Sjå nettsida vår Bunad Verksted dersom du er interessert i bunad frå Romsdal sjølv eller veit om andre som er det.

 

Foto: Johnny Bratseth, Romsdalsmuseet

Kjelder:

Bunad Verksted, Romsdalsmuseet: https://www.bunadverksted.no/

Norges Husflidslag https://husflid.no/bunadbruk-unesco/

Sjå også artikkel i Romsdals Budstikke (for abonnentar): https://www.rbnett.no/kultur/i/gwRjX5/tror-enda-flere-vil-ha-bunad-naa