Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Publisert: 8. Nov 2022
Sist endret: 1. Jan 2024
TEMA: FJORDEN
Romsdalsmuseet og artikkelforfattarane er glade for å kunne presentere ei temabok om FJORDEN i Romsdal.
I denne boka får lesaren vite meir om fjordnamna, brygger og sjøhus, fjordisen, fjordfisket, fyrlykter og mykje meir!
Artiklane er illustrert med mange flotte bilete.
Fjordsystemet er som ei livsnerve i regionen vår. Fjorden er saman med fjelltindane kanskje det mest iaugefallande i landskapet og er eit viktig grunnlag for både økonomi, samferdsel og kultur i fortid, notid og framtid.
«Kjenner du fjorden, kjenner du folket» er kjente ord av Bjørnstjerne Bjørnson.
Fjordkultur og fjordøkonomi er sentrale satsingsområde for Romsdalsmuseet i åra som kjem. Med denne årboka har vi utvida kunnskapen vår om livet på og ved fjorden, og vi vonar resultatet vil skape interesse og engasjement kring denne tematikken hos gamle og nye lesarar.
Med beste helsing Romsdalsmuseet,
ved Mads Langnes og Morten Øveraas