Britt Elise Skram: musikk og historier fra Stafsetsamlinga

Dato: 21. Oct 2024 - 21. Oct 2024
Tid: 18-19
Sted: Krona, Romsdalsmuseet

FOLKEMUSIKK, EN FELEKONSERT

I Folkemusikkarkivet finn ein slåttar som er bevart gjennom opptak og notar, frå dei som hadde dette som sin bruksmusikk. Nokre av opptaka er frå ei anna tid, medan andre er frå notida. Innsamlingsarbeidet er gjort over heile fylket, og det er mykje viktig infomasjon som her har blitt tatt vare på.

Stafsetsamlinga vart utgitt i bokform i 1991, og inneheld ei stor samling av slåttar frå Nordre Sunnmøre samla av Knut Stafset (1836-1916). I tillegg er det ei mengde artiklar redigert og presentert av Terje Aarset og Erling Flem. Det er her mykje interessant å lese om samtida til Stafset, i «Minder fra Forfædrene».

 

Britt Elise Skram vil i denne konserten formidle innhald frå Folkemusikkarkivet og Stavsetsamlinga gjennom felespel og ord. Ho vil mellom anna sjå på korleis det vi i dag kallar skattar frå arkivet fungerte i kvardagen, gi døme på musikk frå ulike geografiske område, og også løfte fram vare og spenstige slåttar frå samlingane.

BILLETTER: 

Kr. 100,- per person over 18 år.

Billetter her!

 

 

Film: Viti

Foto: Johnny Bratseth