Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Dato: 18. Jan 2023 - 18. Jan 2023
Tid: 12:00
Sted: Krona, auditoriet
Påmeldingsfrist: 18 Jan 2023
Ledig: 41 av 50 plasser
Korleis var det i Møre og Romsdal i vikingtida og i mellomalder? Korleis såg husa, reiskapen og landskapet ut? Ved å kombinere kulturhistorisk forsking med nye digitale verktøy, utforskar vi dei nye moglegheitene som har opna seg for å formidle historie og kulturarv. «Ein bit av historia» er et prosjekt i regi av kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Som eit underprosjekt har 3D-visualisering av viktige lokasjonar i fylket, stått i fokus, mellom anna leidangsnausta og kjøpstaden på Veøy. I dette prosjektet har vi hatt mange gode samarbeidspartar, og vi vil no invitere dykk til samling om digital formidling av kulturarv. I program for dagen vi vi saman med dykk sett vi søkelys på bakgrunn for prosjektet, korleis forsking er nytta, tankar om digital kulturarv og korleis Veøy-tidsmaskina skal formidlast gjennom Romsdalsmuseet.
Innhald:
- Ragnhild Hutchinson frå Tidvis Utvikling: Digital dokumentasjon, rekonstruksjonar og animasjonar i arbeidet på Smøla.
- Dag Øyvind Engtrø frå Norsk Institutt frå Kulturminneforsking: Digital arkeologi
- Bente Aasheim frå Kulturtanken: Korleis utvikle opplegg som er attraktive for skular, og korleis få dei til å nytta seg av dei?
- Inga Berntsen Rudi frå Nasjonal Digital Læringsarena: Digital kulturarv i kulturundervisninga
- Tore Pedersen frå Møre og Romsdal Fylkeskommune: Verdiskapingsprogrammet «Ein Bit av Historia»
- Omvising på Romsdalsmuseet, og syning av Veøy-tidsmaskina
Vi inviterer publikum til å delta på seminaret gratis – det er begrensa med plassar, så dykk må meldast på, sjå påmeldinga her:
Påmelding ikke tilgjengelig siden påmeldingsfristen er utløpt
Anna I.B. Røsberg
Alf Reidar Røsberg
Toralf Vatne
Tone Folke- Olsen
Terje Pedersen
Bernt Rundberget
Bente Sellevoll
Oda Bhar
Frøydis Austigard