Eldhuset

Dette huset vart frå gamalt av kalla Stør- og Bagerhus, men vi kallar det eldhus. Det er truleg sett opp på slutten av 1700-talet, eller byrjinga av 1800. Kring 1860 vart det teke ned og heva med 3-4 stokkar. Frå gamalt av var det to opne skorsteinsgruer, ei i kvart av romma, og inventaret som er der i dag, kom kring 1900. Eldhuset var grovkjøkkenet på garden i gamle dagar. Det ytste rommet vart brukt til slakting. Steinomnen er restaurert og framleis i bruk. Omnen tek om lag 18 brød i gongen. Foto: Anne Lise Norheim