Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Periode: 11 Jan 2023 - 31 Dec 2024
Formidler: Morten Øverås
Tid: Ca. 45 min.
Lokasjon: Fortrinnsvis på Krona.
Kort om innhald:
Kritisk og sjølvstendig tenking er grunnleggjande for eit kunnskapsbasert samfunn.
Dette er like aktuelt for nyhendelesing og praktisk arbeidsliv som for høgare studiar.
Foredraget går gjennom sentrale sider ved akademisk skriving og kjeldekritisk lesing.
Det blir vist til overordna teoriar og konkrete døme.
I tillegg vil det seiast noko om historiebruk, altså korleis det offentlege rom nødvendigvis må pregast og formast på grunnlag av visse vinklingar og forteljingar.
Målsettinga med dette foredraget er å gje ei tydlegare bevisstheit om korleis informasjon og kunnskap tolkast.
Booking: send e-post til: birgitte@romsdalsmuseet.no