Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Periode: 18 Nov 2024 - 31 Dec 2025
Målgruppe:
Videregående
Formidler: Morten Øveraas
Otto Theodor Krohg (f. 1811- d. 1889) var prest i Vestnes prestegjeld gjennom fleire tiår. I tillegg var han ein svært aktiv skribent i rikspressa.
Landet rundt var han kjent under kallenavnet sitt: «Lille Theodor».
Forankra i Romsdal kritiserte Krohg ulike rørsler, idear og aktørar som han skulda for ukristelege og opprørske tendensar.
Han hadde ein markant posisjon i fleire tiår, både som embetsmann og som deltakar i rikspressa, men er undervurdert i historisk forsking.
Utover 1870- og 1880-talet eskalerte den politiske striden i Noreg: mellom folkestyre og kongemakt, mellom lekmenn og prestar, mellom radikal og konservativ ideologi. Sjølv om skiljelinjene kunne overlappe, var frontane skarpe.
Arbeidet med å utvide det norske demokratiet gjekk ved byrjinga av 1880-talet inn i ei dramatisk fase med eit høgdepunkt i 1883–1884 med riksrett mot regjeringa og Venstres valsiger.
Krogh var vedvarande opptatt av å identifisere og angripe det han oppfatta som eksistensielle trugslar mot det norske samfunnet.
Ved å vende seg til den politiske og religiøse orden i Noreg freista Krohg å definere og forsvare den tilbakehaldande makta i både religiøs og politisk forstand, slik som statsmakta, kyrkja, presteskapet og konservatismen som prinsipp.